Søknad om treningstider i Giske kommunale idrettshall (GKI) og Vigrahallen sesongen 2018 – 19

Lag og organisasjonar kan no søkje om tildeling av treningstid i begge kommunale idrettshallar. Felles søknadsfrist er 10.06.18. Husk du må bruke eige skjema for:

Søknad GKI sendast på e-post til anders.kjonas@mimer.no medan for Vigrahallen sendast til post@vigrail.no

Det er Giske kommune som formelt tildeler tid i alle hallane, i veke og helg. Tidene gjeld for skuleåret 2018 – 19. Tidene i fotballdelen av Vigrahallen gjeld for perioden 01.11.2018 – 31.10.2019.

Hallen er i utgangspunktet stengd i skuleferiane, men den kan brukast dersom brukar dekkjer meirkostnadar med vask m.m., og ser til at lokala og uteområde blir rydda slik at hallen og uteområdet ser ut som det gjorde før bruk. Om brukarar ønskjer å nytte hallen utover fastsett opningstid, er det opning for dette etter nærare avtale. NB! Søkjar oppgi når de planlegg starte opp for sesongen og når de tenkjer avslutte. Dette for å sikre ei mest mogleg rasjonell drift av hallen.

Eventuelle spørsmål kan rettast til Giske kommune ved Frode Elias Synnes, einingsleiar miljø og kultur, tlf 70 18 81 14 / 930 06 368, IL Valder ved Anders Kjønås, tlf 918 98 088, eller Vigra IL Anleggsdrift AS ved Jan Petter Meberg, dagleg leiar, tlf 916 68 010.