SØKNAD OM LØYVE TIL AKVAKULTUR DYRKING AV MAKROALGAR PÅ RØYSENESET, VALDERØYA

Green Cycle As har søkt Nærings- og fiskeridepartementet om konsesjon for landbasert dyrking av makroalgar, og søkjer no kommunen om løyve til å etablere pilotanlegg for forsøksdyrking ved industrianlegget til Nordic Wildfish på Røyseneset, Valderøya, etter gjeldande planverk. Pilotfasen har eit produksjonsmål på 25-100 tonn makroalgar årleg med varigheit på 3-5 år. Deretter flytting til permanent lokalitet annan stad.

Høyringsfrist til Giske kommune: 5. februar - sjå under.

Meir informasjon om konsesjonssøknaden ligg på nett: https://www.giske.kommune.no/innsyn.aspx?response=journalpost_detaljer&journalpostid=2018013434&scripturi=/innsyn.aspx&skin=infolink&Mid1=1029&

 

Merknader til søknaden sendast seinast 5. februar på epost til:

post@giske.kommune.no , eller på papir til: Giske kommune, Valderhaug 4, 6050 Valderøya, merka "Konsesjonssøknad makroalgar".