Smittesituasjon i Giske kommune

Teikn til aukande koronasmitte i Giske kommune.

 

Det er teikn til aukande koronasmitte i Giske kommune. Avdeling for smittevern, kommuneoverlege og beredskapsleiinga følger situasjonen tett.

Det er påvist smitte ved Vigra skule, Valderøy barneskule og Giske ungdomsskule.

Aktuelle klasser er varsla og det blir utført jamnleg testing for å få kontroll på smittespreiinga.

Giske kommune har ikkje lokal forskrift om smitteverntiltak. Dei nasjonale tiltaka og råda gjeld her.

Her kan du lese meir om kva som gjeld nasjonalt: https://www.helsenorge.no/koronavirus/oversikt-over-regler-og-anbefalinger/

Forskrift i Ålesund og Sula kommune. 

Viss nokon skal reise til Ålesund eller Sula i samband med jobb, skule eller fritid må ein rette seg etter forskrifta som gjeld der.

Det betyr mellom anna at husstandsmedlemmer eller tilsvarende nære til ein med påvist koronasmitte vil ha karantene i Ålesund kommune, sjølv om ein ikkje har karantene så lenge ein held seg i Giske kommune. Viss ein har arbeidsstad i Ålesund eller Sula og er pålagt karantene etter den lokale forskrifta har ein rett på sjukepengar.

Her finn du informasjon om Ålesund si lokale forskrift: https://alesund.kommune.no/aktuelt/siste-nytt/alesund-og-sula-innforer-ny-lokal-forskrift.30511.aspx

Vaksine

Vi oppmodar alle som ikkje er fullvaksinerte om å ta kontakt med legesenteret for å få koronavaksine.

Test 

Det er viktig at alle held seg heime og får testa seg viss dei får nye symptom på forkjøling eller influensaliknande sjukdom.

Vi vil i tillegg tilråde testing for alle som er eksponert for smitte.