Smartstraum til Giske

Mørenett_336x280_logo-col.jpg - Klikk for stort bilete

Innan 1. januar 2019 skal alle straumkunder i Noreg få nye automatiske straummålarar, og i Mørenett sitt område vert alle 64.000 målarar bytta ut frå juli 2017.   Giske er blant dei første kommunane dette skjer, med ferdigstilling i oktober.

Oppstart i Giske skjer frå 17. juli på Valderøya. Bratseth har fått arbeidet med installasjon, og husstandane vil få høve til å bestille time for målarbytte om kort tid.

Publisert av Henrik Wang. Sist endra 05.07.2017

Når du har avtalt tid for målarbytte, vert du kontakta av montøren som vil bruke ca 20 minutt på arbeidet: Du må rydde veg for montøren og be om legitimasjon når han kjem. Du får inga ekstrarekning - kostnadane vert delt over fleire år på den vanlege straumrekninga.

Med ny automatisk straummålar -

  • slepp du å lese av målaren, og du får betre oversikt over forbruket
  • vert straumbrot automatisk varsla til nettselskapet og kan gje kortare feilrettingstid
  • vert det muleg med tilleggstenester som gjer det enklare for deg å styre straumforbruket ditt

Sjå meir om utrulling av smartstraum på http://www.morenett.no/smart-strom/utrulling-av-smart-strom-ams/

Fann du det du leita etter? Hvis ikkje, prøv søkefeltet øvst på sida.
 
 

Giske kommune, Valderhaug 4, 6050 Valderøya| Tlf. 70 18 80 00 - fax. 70 18 80 01|Org.nr. 964980721  | epost: post@giske.kommune.no

 
Login for redigering