Slik kjem du deg fram i tunnelane

Tunellsambandet2 - Klikk for stort bilete

Slik kjem du deg fram når Ålesunds-tunnelane og Godøytunnelen vert renoverte. 

Publisert av Henrik Wang. Sist endra 27.10.2017

Godøytunnelen, foto Knut Opeide.jpg - Klikk for stort bilete Tunnel stengt, foto Knut Opeide.jpg - Klikk for stort bilete

Kvar dag reiser 10.000 gjennom Ellingsøytunnelen. Frå 1. november må dei endre reisevanane sine, då går startskotet for tunnelarbeidet. Godøytunnelen vert påbegynt 8. november, og Valderøytunnelen 29. november.

Tunnelane skal bli tryggare

Vegvesenet sitt må er å gje trafikantane tryggare tunnelar. Det vert stilt strenge krav til sikringa i tunnelane og det er behov for ei omfattande utbetring. Tunnelane ver stengde med kolonnekøyring medan dei vert oppgraderte til dagens standard.

Stengte tunnelar med kolonnekøyring

Det er inga omkøyringsvegar for Godøytunnelen og Valdeøytunnelen. Dette betyr at trafikantane må tilpasse seg til kolonnetidene og reise kollektivt om dei kan. For Ellingsøytunnelen er det omkøyring på fylkesveg 107 via Stette. Nødetatane får sleppe gjennom ved utrykning.

Kor lenge vert tunnelane stengde?

Ellingsøy- og Valderøytunnelen skal vere ferdig utbetra desember 2018. Arbeidet i Godøytunnelen skal vere ferdig våren 2019.

Les mer om trafikkavvikling, kolonnetider og hurtigbåt og buss her: https://www.vegvesen.no/vegprosjekter/tunnelermidt/nyhetsarkiv/slik-kommer-du-deg-fram-nar-alesundstunnelene-og-godoytunnelen-utbedres

Fann du det du leita etter? Hvis ikkje, prøv søkefeltet øvst på sida.
 
 

Giske kommune, Valderhaug 4, 6050 Valderøya| Tlf. 70 18 80 00 - fax. 70 18 80 01|Org.nr. 964980721  | epost: post@giske.kommune.no

 
Login for redigering