Skaterampene på Valderøy barneskule opnar igjen

Skaterampene ved Valderøy barneskule vart midlertidig stengt, tysdag 31. august, grunna opplevd støy i nabolaget. I dag opnar dei igjen. 

 

Teknisk utval har vore på synfaring og dei har hatt møte med naboar. Teknisk eining vil få til måling av støy.

Livsløpsutvalet har også sett seg inn i klagen og dei har vore på synfaring i området. Dei har hatt møte med barn og ungdom som nyttar skaterampen, samt deira føresette.  Brukarane kom med forslag til løysing:

-avtalt stengetid for rampene kl 22.

-ungdommen vil sjølv bidra til at stengetida blir effektiv.

-foreldre vil lage ein plan for tilsyn ved stengetid og også for å gå innom fredag/laurdag kveld.

Etter ei samla vurdering vel Giske kommune å opne skaterampene for bruk igjen.

- Eg er glad for at vi no har kome fram til ei løysing og at vi kan opne skaterampene igjen, seier Åse Elisabeth Skjærseth, kommunalsjef oppvekst.