Ryddeaksjon - påmelding!

Miljøstasjon - Klikk for stort bilete Giske kommune innbyr til rydding av fellesareal i vår flotte kommune. Aksjonen går av stabelen i veke 18-19 (måndag 2. mai tom. torsdag 11. mai.) Vi oppmodar velforeiningar, lag, organisasjonar og enkeltpersonar til å ta del. Påmelding - sjå under

Publisert av Henrik Wang. Sist endra 20.04.2017

Alle førehandspåmelde deltakarar får levert oppsamla avfall gratis på Gjøsundneset miljøstasjon. Alle som vil delta i ryddeaksjonen må melde seg til servicekontoret, tlf. 70 18 80 00, snarast.

Opningstider ved Gjøsundneset miljøstasjon:

  • Torsdag 4. mai: kl. 13-18
  • Laurdag 6. mai: kl. 10-15
  • Torsdag 11. mai: kl. 13-19

Innlevering på andre opningsdagar kan avtalast ved påmelding.

Vi minnar om at denne gratistenesta ikkje gjeld rydding av private eigedomar, hus, kjellarar og garasjar.

Vi ynskjer alle lukke til og takkar for at du tek del!

Fann du det du leita etter? Hvis ikkje, prøv søkefeltet øvst på sida.
 
 

Giske kommune, Valderhaug 4, 6050 Valderøya| Tlf. 70 18 80 00 - fax. 70 18 80 01|Org.nr. 964980721  | epost: post@giske.kommune.no

 
Login for redigering