Rusken-aksjon i Giske

Klikk for stort bilete Ryddeaksjonen har i år diverre falt mellom stolane pga. Korona-situasjonen, men ÅRIM meldar at dei likevel har fått det på plass.  ÅRIM hentar onsdag 20 mai. Meld inn hentinga til ÅRIM  før tysdag 19. mai  kl 12.

Ordninga vert slik:

Kommunen, 17.mai-komiteeane og andre organisasjonar kan kontakte ÅRIM på epost: post@arim.no

Eposten skal innehalde følgjande informasjon:

  • Arrangør (f.eks. 17 mai-komité ved x skule)
  • Namn på kontaktperson
  • Tlf nr til kontaktperson
  • Kvar langs renovasjonsruta vil avfallet bli plassert (maksimum 5 meter frå veg)
  • Kva dag skal Årim hente avfallet

Hugs:

  • Alt avfall skal leggast i sekkar
  • Arrangør må sjølv sørge for søppelsekkar og hanskar

Årim hentar Rusken-avfall berre dei vekene dei hentar restavfall. Sjekk hentekalender på www.arim.no . ÅRIM tek ved behov kontakt med den enkelte arrangør i etterkant av bestilling. Kommunane får faktura for kostnadane til henting og avfallsbehandling i samanheng med avfallet som vert henta i sin kommune.

Vi gjer merksam på at Rusken-avfall ikkje er herrelaust marint avfall, og dermed ikkje avfall som går inn under refusjonsordninga til Hold Norge Rent.