REDUSERT FORELDREBETALING 2021-2022

Søknadsfrist 31.07.2021. For søknader som blir registrerte etter fristen vil vedtaket gjelde frå første heile månad etter søknadstidspunktet.

Klikk for stort bilete Illustrasjon: Pixabay  

Det kan søkjast om:

Redusert foreldrebetaling og gratis kjernetid for born i barnehage

Redusert foreldrebetaling for born i SFO 

Det skal betalast maksimalt 6 % av løns- og kapitalinntekta i husstanden per plass i barnehage og SFO. Kommunen har høve til å innhente skatteopplysningar for søkjarar som var skattepliktige til Giske kommune i 2020. Søkjarar som har flytta til kommunen seinare, må legge ved side 3 i skatteoppgjeret for 2020. NB! Ikkje skattemeldinga. Dersom inntekta har endra seg, kan søkjarane i tillegg legge ved fullstendig dokumentasjon på skattbar løns- og kapitalinntekt.

Søk elektronisk i søknadssenteret på nettsida til kommunen:

Søknad om redusert foreldrebetaling i barnehage/SFO og gratis kjernetid i barnehage (giske.kommune.no)

SKULEFRITIDSORDNING FOR BORN MED SÆRSKILDE BEHOV

Elevar i 5. – 7. klasse med særskilde behov kan få gratis skulefritidsorning. Dette skal det ikkje søkjast om.