Rask psykisk helsehjelp

Rask psykisk helsehjelp er eit gratis behandlingstilbod til deg som opplever triste tankar, motlaushet, belastningar, søvnproblem, angst eller depresjon av mild til moderat grad. Hos oss lærer du verktøy og teknikkar for å mestre vanskane dine.

Vi er eit korttidstilbod som har som mål om å tilby rask hjelp slik at problema ikkje vidareutviklar seg.

Er du eller andre litt bekymra for rusbruken din, kan dette også være eit tilbod for deg.

Tilbodet omfattar innbyggarar i Giske kommune over 16år.

Vårt behandlingstilbod

Behandlingstilbodet er hovudsakleg basert på kognitiv terapi. Kjernen i kognitiv terapi handlar om å endre forholdet mellom tankar, følelsar og det du gjer for å få det betre. I all hovudsak består tilbodet vårt av mestringskurs, rettleia sjølvhjelp og individuelle samtalar. Dei fleste som kontaktar oss deltek på kurs. Nokon ynskjer individuelle samtaler etter gjennomført kurs.

Det er viktig at ein er motivert for å kunne nytte tilbodet. Kognitiv terapi krev at du sjølv deltar aktivt, mellom anna med heimeoppgåver og øvingar.

For meir informasjon, kan du sjå på www.kognitiv.no

Tilbodet omfattar ikkje akutte kriser, komplekse tilstander eller alvorlige psykiske lidingar. Om du har behov for langvarig terapi, er ikkje dette riktig tilbod for deg.

Visst du har behov for akutt hjelp, ta kontakt med legevakt på telefon 116 117 eller din fastlege på dagtid.

Du treng ikkje tilvising frå lege, men vi oppmodar til samarbeid med fastlege underveis.  

 

Vi jobbar ut frå en trappetrinns-modell som består av:

Rettleia sjølvhjelp

Vi tilbyr internettassistert sjølvhjelpskurs  basert på kognitiv terapi. Du får rettleiing knytt  til desse programma. Ved å gjennomgå desse får du økt kunnskap, råd og verktøy som kan hjelpe deg til å bli din eigen terapeut.

Vil du vite meir om dette kan vere noko for deg, kan du gå inn på www.assistertselvhjelp.no

 

 Meistringskurs

På kursa vil du  lære du effektive verktøy for å handtere psykiske utfordringar. Hos oss får du hjelp til å identifisere uheldige tanke- og åtferdsmønster, og lærer metoder for å snu disse. Kursa er lagt opp som undervisning. Du trenger ikkje å dele noko på kursa. Om du vil komme med innspel er opp til deg sjølv.

 

Korttids individualterapi

Samtale med behandlar der dykk saman definerer mål og innhald. Samtalane er basert på kognitiv terapi. I gjennomsnitt inneheld korttidsterapi 6-8 samtaler.

Dersom du er usikker på kor vidt tilbodet vårt passer for deg, kan du kontakte oss.

 

Kven er vi?

Vi er eit tverrfagleg team beståande av psykolog, sosionomar, barnevernspedagog, og psykiatriske sjukepleiarar. Alle er vidareutdanna eller er under utdanning innan kognitiv terapi.

Vi samarbeider med andre instansar om det er hensiktsmessig, som til dømes; fastlege, helsestasjon osv.

Vi har teieplikt som all anna helsepersonell.

 

Korleis kontakte oss?

 

Telefon:   90059100                  Telefontid: tysdag og torsdag kl 13.00 -14.30

Dersom vi ikkje har høve til å ta telefon er det viktig at du legger igjen beskjed, slik at vi kan ringe deg tilbake. Eller fyll ut kontaktskjema: 

Eg ønskjer å bli kontakta:

Felt merka med * må fyllast ut

Kontaktpersonar

Rask psykisk helsehjelp

Telefonnummer 900 59 100

 

Om du ønsker å kontakte oss har vi telefontid:

Tysdag og torsdag 13.00 - 14.30

 

Elles kan du gjerne benytte kontaktskjema nederst på sida, så tek vi kontakt.