Rådhuset er framleis stengt for besøk

Klikk for stort bileteGiske rådhus er stengt for allment besøk til over ferien grunna fare for smitteoverføring av COVID-19 viruset som har ført til Korona-pandemien. Rådhussalen er difor heller ikkje til utleige i ferien. Vi vil kome tilbake til opning og utleigemulegheiter. 

Unntak er Valderøy Tannklinikk og helsestasjonen der ein kan avtale time for besøk. Ein vert då henta ved inngangen til avtalt tid.  Giske folkebibliotek opnar for publikumsbesøk gjennom eigen inngang 15. juni.

Kontakt sentralbordet på telefon 70 18 80 00 - eller direkte til saksbehandlar - om du treng rettleiing eller informasjon om kommunale tenester. Finn oversikt over avdelingane eller kontaktadresse til saksbehandlaren din her.