Over fem hundre tusen kroner til aktivitetar

Giske Frivillegsentral har fått 320.000 kroner frå Bufdir og 189.325 kroner frå Gjensidigestiftelsen. Pengane skal blant anna gå til «Aktiv ferie og fritid i Giske kommune».

 

Tilskotet frå Bufdir er gitt gjennom tilskotsordning for å inkludere barn og unge 2021.

«Dette er berre heilt fantastisk. Ernst og dei han jobbar saman med på Frivillegsentralen gjer ein kjempejobb, og dei er utruleg flinke til å skaffe pengar som kjem innbyggarane våre til gode, seier kommunedirektør Marianne Stokkereit Aasen. 

Leiar for Frivillegsentralen, Ernst Valderhaug, er glad for pengane.

«Dette var kjekt. Det betyr at vi får til sommeraktivitetar for barn og unge slik vi har gjort dei siste åra. Planen for aktivitetane i sommar er ikkje heilt spikra endå, men tidlegare år har vi vore på tur til klatreparken i Valldal, Via ferrata i Geiranger, og vi har vore på fisketurar og på besøk i Atlanterhavsparken blant anna», seier Valderhaug. 

Pengane vil også gjere det muleg å gi sommarjobb til seks personar i ti dagar. 

Påmelding vert lagt ut når alle planar er klare.