Oppstart reguleringsendring Stor-Pe-Teigen

I samsvar med plan- og bygningslova §§ 12-3 og 12-8 og vedtak i Komité for miljø og
tekniske saker 02.11.2017, sak 055/17, vert De med dette varsla om at det er sett i gong
planarbeid for eit område ved Stor-Pe-teigen og Knutivegen på Giske. Området er regulert frå før.

Publisert av Henrik Wang. Sist endra 24.11.2017

Hovudformålet med planarbeidet er følgjande:
Kommunen ønskjer å oppdatere gjeldande reguleringsplan, Øygarden byggjefelt og
reguleringsendring for Øygarden byggjefelt, i høve gang-/sykkelvegar, leikeareal og
bustadareal.


Innarbeide i planen endring av privat bustadtomt, leikeareal og turveg.
Varsel om oppstart av planarbeid vert sendt til grunneigarar innanfor planområdet, naboar til
planområdet, offentleg mynde og høyringsinstansar. Plandokumenta vert lagt ut under
kunngjeringar på heimesida til Giske kommune og i resepsjonen på Rådhuset. I tillegg vert
det annonsert i lokalavis og på facebook. Dersom nokon ønskjer plandokument tilsendt på
papir/elektronisk, ta kontakt med resepsjonen på rådhuset (70 18 80 00) og gje opp referanse
som vist ovanfor i «vår ref.:17/1391».


Innspel og synspunkt vert å sende til Giske kommune, Teknisk eining, Valderhaug 4, 6050
Valderøya eller til post@giske.kommune.no innan 11.01.2018.

 

Innkomne merknadar vil ikkje bli svara på før etter politisk handsaming. Merknadane blir
vurdert i saksdokument som blir handsama politisk og dei som bli råka av planen/har kome
med merknad blir varsla med brev ved nytt vedtak.

Fann du det du leita etter? Hvis ikkje, prøv søkefeltet øvst på sida.
 
 

Giske kommune, Valderhaug 4, 6050 Valderøya| Tlf. 70 18 80 00 - fax. 70 18 80 01|Org.nr. 964980721  | epost: post@giske.kommune.no

 
Login for redigering