Oppstart av barnevernvaktsamarbeid den 30.04.2018
Barnevernvaktsamarbeid i Giske, Sula, Sykkylven og Stranda kommune
Det interkommunale barnevernvaktsamarbeidet organiserast som ei bakvaktordning på telefon som vil vere bemanna i tidsrommet kl. 15:30 – 08:00 i kvardagar og heile døgnet i helgar og høgtider.
Felles vaktnummer: 915 76 020
Hovudoppgåva er å hjelpe barn og familiar i akutt krise og som ikkje kan vente til neste virkedag. Barnevernvakta vil vere bemanna med tilsette i dei kommunale barneverntenestene som i hovudsak skal gi råd og rettleiing på telefon. Ved akutt krise kan barnevernvakta vurdere å rykkje ut for å bistå i situasjonar meir aktivt.
Pressemelding barnevernvakt (PDF, 551 kB)
Publisert24.04.2018 10.12