Oppdatering koronastatus Giske kommune søndag 15. mars 2020

Slik er situasjonen med omsyn til koronasmitte i Giske kommune søndag 15. mars kl. 16.45.
 

Illustrasjon av koronaviruset. - Klikk for stort bilete

 

Status bekrefta smittetilfelle i Giske: 1

Mange er i karantene. Dei fleste på bakgrunn av at dei har vore på reise i utlandet i løpet av dei siste to vekene. Vi vil på det sterkaste minne om kor viktig det er å ta karantenebestemmelsen på alvor.

Og for alle gjeld eit viktig råd: Hald kontakt med dine næraste. Bruk telefonen.
 

Legekontoret

Legekontoret  i Giske er stengt for besøk. Dette vil og verte situasjonen dei næraste dagane. Sentralbordet vil imidlertid vere bemanna. Det blir som vanleg telefonmottak på telefon 70188500 på dagtid og telefon 116117 frå 16.00-09.00

Det blir vanleg ekspedisjon av kontakt via Helsenorge.  Alle fastlegene er tilgjengelege for e-konsultasjoner og telefonkonsultasjoner.

Når det gjeld fysisk legekontakt vil dette bli handtert i eit samarbeid mellom Giske og Ålesund.

Pasienter som har legetime måndag og tysdag vert kontakta direkte av sin fastlege for avtale.

Det som er viktig for pasientane å vite er at INGEN treng kontakte lege som fylgje av at ein tilsett ved legesenteret er koronasmitta.  Alle som har vore i kontakt med den smitta er registrert og kontakta.
 

Skule/barnehage

Alle skulebygga og barnehagane er som kjent stengde, men frå måndag morgon vil likevel skulen i Giske vere drift. Alle skulane har lagt opp til digitale løysingar og elevane skal ha kontakt med sine lærarar og si klasse gjennom ipad. Alle elevar har sine arbeidsplanar, og skulane har lagt opp system for god kontakt mellom lærar og elevar. Dette er det viktig at kvar enkelt føresett hjelper til med og fylgjer opp eigne barn.

Og for all del; ikkje vent ei perfekt løysing frå dag ein. Vis tolmod med både lærar og elevar. Alle gjer sitt beste i ein vanskeleg situasjon.

Barn med særskilde omsorgsbehov vil bli spesielt tekne vare på gjennom direkte kontakt med kvar skule/barnehage.

Vi viser til dei retningslinjene som ligg på Giske kommunes heimesider, sjå denne lenka: https://www.giske.kommune.no/koronavirus/informasjon-og-oppfordringar-til-befolkninga/
 

Hygiene i butikken

Butikkane er risiko-områder med tanke på smitteoverføring. Det er nå av største viktigheit at man iverksetter gode smitteverntiltak.

Vi vil minne alle, både kunder og tilsette, på rutinene for god hygiene. Ein må ha spesiell fokus på reinhald og hyppig desinfeksjon av gelendere, håndtak, betalingsautomater, toaletter/kraner og andre stader der folk er borti med hender. Dette bør gjerast minst 3 gonger dagleg.

Det er og veldig viktig at alt søl på golv vert rydda opp straks med eingongsklutar. Desse skal kastast i søppel straks.  Koronavirus er følsom for desinfeksjonsmidler som Virkon, Perasafe og alkohol (overflatedesinfeksjon). Husholdningsklor kan også nyttast  i konsentrasjon minimum 0,1% konsentrasjon i reinhald.

Nye reiseråd

Regjeringa gjekk laurdag ettermiddag ut og meldte at alle flyplasser vil verte stengt for utanlandstrafikk frå måndag morgon. Dette gjeld og flyplassen på Vigra. Det vert likevel sett opp fly slik at folk frå Norge kan ta seg heim til landet. Dette er det dei enkelte fly- og reiseselskapa som får ansvaret for.

Vi minner og om at alle som kjem heim frå utlandet skal i karantene i to veker.

Unngå store samlingsplassar

Koronaviruset spreier seg gjennom nærkontakt. Difor er det veldig viktig at barn og ungdom som no ikkje er på skulen ikkje samles på kjøpesenter og andre møtestader. Det er veldig viktig at ein unngår at kjøpesentera blir brukt som opphaldstad og treffpunkt for barn og unge.

Gå gjerne turar ute. Helst ikkje i grupper på over tre. Hald avstand.
 

Helse

Det er framleis besøksforbod på omsorgssentera og bukollektiva. Dersom det skulle vere heilt spesielle behov så må ein ta kontakt med senteret for direkte avtale. Vi ber om at dette berre vert gjort i alvorlege tilfelle.

Det er og grunn til å minne om at ein må vise varsemd med besøk i heimane, spesielt til dei som høyrer til risikogrupper (eldre og sjuke). Det er viktig å ta vare på kvarandre, men no er det kanskje rettare å bruke telefon og digitale medium der dette er mogleg. Eit slikt tiltak kan vere å hjelpe dei som ikkje sjølve kan reise ut å handle.

Spørsmål og opplysning om korona, ring 815 55015 eller Helsenorge.no

Jordmortenesten vil halde fram som vanleg, men dei andre funksjonane på helsestasjonen er stengt inntil vidare. Gravide bør ta kontakt med helsestasjonen før timeavtale.

Kommunaldrift

Rådhuset er stengt for besøkande, men dei tilsette er på jobb slik at dei som må ha personleg kontakt kan gjere avtale om dette direkte.

Det same gjeld NAV Giske.

Situasjonen endrar seg stadig. Vi oppmoder alle om å halde seg orientert på nettsida fhi.no

Bruk og nettsidene til avisene og nrk.no