Oppdatering Giske kommune torsdag 13.45

Klikk for stort bilete 

Får pengane tilbake

Det er sendt ut faktura for opphald i barnehager og SFO for mars. Desse skal betalast normalt. Dette er pengar ein får tilbake for dei dagane barnehagane og SFO er stengt. Dette skjer på neste faktura.

Kyrkja endrer rutiner

Det er mange endringar i kyrkjene i Giske. Alle dei ordinære gudstenestene er avlyst. Konfirmasjon er utsett, truleg til hausten. Det er og endringar i samband med dåp, bryllup og gravferder. Der viser vi til nettsida til kyrkja.

 www.kyrkja.no/giske 

Klikk for stort bilete 

Er du sjuk – ring lege

Legeteneste i Giske er ikkje heilt som normalt, men den er heller ikkje slik at ein skal la vere å ringe dersom ein er sjuk. No er alle fastlegene i arbeid og klare til telefonkonsultasjonar. Det er viktig at kvar enkelt ikkje sit med plager og spørsmål ein gjerne skulle hatt svar på.

Fastlegen kan og sende vidare til lege som tek fysiske konsultasjoner eller og videresender til sjukehus.

I tillegg til telefonkonsultasjon via har ein og eit godt tilbod gjennom e-konsultasjon via helsenorge.no. Dette kan vere eit svært godt alternativ i mange høve.

Klikk for stort bilete 

God respons

Vi takker alle frivillige som har meldt seg til teneste gjennom Frivilligsentralen. I øyeblikket har vi god dekning til dei oppgåvene vi har.

Der vi framleis treng innsats er innen helse og omsorg. Her ber vi dei som er klar til å ta eit tak melde seg på ekstrapersonell@giske.kommune.no

Og om du ikkje høyrer noko raskt er det ikkje fordi vi ikkje treng deg. Arbeidspresset på dei som koordinerer dette arbeidet er stort.