Oppdatering Giske kommune fredag 16.00

Klikk for stort bilete 

Ekstra omtanke for barna

Barn er spesielt sårbare for endringar i kvardagen. Spesielt kan det bli vanskeleg når og dei vaksne opplever stress og utrygge kvardagar. Det er difor veldig viktig at vi alle tek eit ansvar og gir barna hjelp og støtte.

Det er ei lang rekke hjelparar i «systemet» som er der for å kunne gjere dagane best mogleg for våre yngste. Vi har lagt ut ei liste med kontaktadresser som både pårørande, barn sjølv og andre kan nytte seg av dersom ein ser barn ein meiner treng ekstra støtte. Lista ligg på https://www.giske.kommune.no/aktuelt/viktige-telefonnr-for-barn-og-unge-i-giske.10297.aspx

 

Koronaavdeling på GOS

Heldigvis er smittesituasjonen i Giske framleis ikkje dramatisk, men vi førebur oss på at fleire kjem til å trenge ekstra hjelp framover. For å vere best mogleg rusta vert det laga ei eiga korona-avdeling på Giske Omsorgsenter. Denne skal vere klar rett over helga.

Den nye avdelinga betyr at nokre bebuarar må flytte. Dette er svært beklagelig, men likevel heilt nødvendig. Tre vert flytta til Vigra Omsorgsenter, fire vert omplassert internt på Giske Omsorgsenter.

Den nye avdelinga vert etablert slik at ein kan handtere eventuelt koronasmitta i eigne lokaler og med eige personell. Det er viktig for å hindre at smitte sprer seg til andre bebuarar.