Open idrettshallar og gymsal vinteren 2018 / 2019

Endeleg er det klart for årets open hall! Det blir aktivitet på alle øyane, men med ei rullering slik at flest muleg får høve å delta på øya der ein bur. Tilbodet er ope for alle uavhengig av kva øy ein bur på, men gjeld særskilt familiar med barn og unge. Idrettslaga stiller med aktivitetsleiarar og rullerer på å halde hallane opne. Tilbodet blir gitt søndagar kl 1200 - 1500.

Alle barn som går i barnehagar eller i kommunale skular er dekte av kommunal forsikringsordning.

Barn t.o.m. 4. klasse må ha følgje med ein vaksen.

Giske kommune har laga eigne arrangement på Facebooksida vår. Følg oss gjerne der.

Open hall skjer følgjande søndagar kl 1200 – 1500

  • 11.11. Godøyhallen
  • 18.11. Giske skule, gymsalen
  • 25.11. Vigrahallen
  • 09.12. Godøyhallen
  • 16.12. Valderøy barneskule (gymsalen) og skytebana i Giske kommunale idrettshall
  • 06.01. Giske skule, gymsalen
  • 13.01. Vigrahallen
  • 20.01. Godøyhallen og Vigrahallen
  • 27.01. Giske kommunale idrettshall og skytebane
  • 03.02. Valderøy barneskule (gymsalen) og skytebana i Giske kommunale idrettshall
  • 10.02. Godøyhallen og Vigrahallen
  • 17.02. Giske skule, gymsalen
  • 24.02. Giske skule, gymsalen
  • 03.03. Giske kommunale idrettshall og skytebane

NB! Atterhald om endringar. Ev. endringar vil bli publisert snarast råd.

Ev spørsmål kan rettast til følgjande personar:

  • Giske IL: Steinar Lillebø, 913 41 390
  • Godøy IL: Hans Petter Godø, 908 46 695
  • IL Valder: Jeanette Giske Hjelle, 951 68 036
  • Vigra IL: Liv Astrid Roaldsnes, 461 67 874
  • Vigra Valderøy pistolklubb: Jan Arve Wiik, 951 80 018
  • Giske kommune: Frode Elias Synnes, 930 06 368