Om eigedomsskatten 2020

 Skattelistene for offentleg ettersyn vert lagt ut 24.02.20. Krav om innbetaling vert fakturert saman med dei kommunale avgiftene, og vil ha forfall 15. mars 2020.

Giske kommunestyre vedtok i k.sak 119/19 å auke eigedomsskatten med 1 ‰, slik at ny sats for 2020 vert 3 ‰

Frå 01.01.20 var det gjort fylgjande endring i eigedomsskattelova § 8 a-2: «Skattegrunnlaget for bustader og fritidsbustader vert sett til verdet multiplisert med 0,7». Dette er ei endring frå 0,8 tidlegare år. 

For eigedomar der ein nyttar bustadverdi frå skatteetaten som grunnlag for eigedomsskatt, vert den nye berekninga slik:

Eksempel :

Likningsverdi frå sjølvmeldinga 2018

 

Kr     900.000

Bustadverdi (formuesgrunnlag)

Kr     900.000 x 4

Kr  3.600.000

Grunnlag for eigedomsskatt           

Kr  3.600.000 x 0,70  

Kr  2.520.000

Berekna eigedomsskatt 2020

Kr  2.520.000 x 3 ‰  

Kr         7.560

 

For eigedomar med kommunal takst, vil det fortsatt være «Ramme og retningslinjer for taksering for Giske kommune» som ligg til grunn. Den nye endringa i eigedomsskattelova vil også gjelde her.