Om Coronavirus og førebygging mot influensa

Klikk for stort bilete Kommuneoverlegen har sendt ut informasjon med nokre enkle "føre var"-tiltak i samband med alle varslingane om Coronavirus,. Dette vil også vere til hjelp med tanke på at det årlege influensa-utbrotet er venta å få ein topp i februar-mars. 
Vi viser også til Folkehelseinstituttet som har oppretta eige nettside med fakta og råd om Coronaviruset her.

Så langt er det berre personar som har vore i Wuhan i Kina siste 14 dagar eller hatt nærkontakt med person med påvist Corona-sjukdom OG som har symptom (influensaliknande sjukdom med feber) som er tilrådd testing for Coronavirus.

Frisk opp rutiner for basalt smittevern!

  • Det viktigaste og enklaste er handvask. Vask hender etter toalettbesøk, før måltid og før/etter pasientkontakt. Helsepersonell bør bruke handdesinfeksjonsmiddel.
  • Hostehygiene: Host/nys i albogen, ikkje i hendene. Om du nys/hostar i hendene må du vaske deg med ein gong.
  • For helsepersonell tilrår eg at de planlegg internundervisning om basalt smittevern, bruk gjerne materiell frå Folkehelseinstituttet (https://fhi.no/publ/2019/handhygiene-i-kommunehelsetjenesten/)

Meir info: