Nytt dødsfall i Giske

Illustrasjon av koronaviruset. - Klikk for stort bilete

Ei eldre kvinnen døyde av korona-smitte ved Giske omsorgsenter tidleg fredag morgon. Dette er det andre korona-dødsfallet på senteret denne veka.

- Våre tankar går først og fremst til dei pårørande. Vi er alle svært lei oss for at vi nok ein gong har mista ein av våre innbyggarar, seier ordførar Harry Valderhaug. – Vi føler med dei pårørende.

- Helsetenestene våre har gjort sitt beste for å hindre at smitte skal spreie seg på Omsorgsenteret. Det er veldig leit at to av bebuarane no har gått bort som fylgje av korona-viruset.

- Midt opp i det heile må vi vere glade for er at vi ikkje har fått melding om fleire smitta ved senteret, seier ordfører Valderhaug.