Nye tiltak i heimebasert omsorg

UTBROT AV KORONA VIRUS – INFORMASJON TIL TENESTEMOTTAKARAR OG PÅRØRANDE I HEIMEBASERTE TENESTER I GISKE KOMMUNE (HBO)

Klikk for stort bilete 

Vi har no ein svært krevjande situasjon i samband med utbrot av koronavirus (Covid- 19), og  heimebasert omsorg(HBO) i Giske kommune må setje inn nye tiltak for å så langt råd hindre vidare spreiing av smitte.

Fleirtalet av brukarane våre har på grunn av høg alder og ofte samansette helseutfordringar ein auka risiko for å bli alvorleg ramma ved smitte av koronavirus. HBO er innom mange heimar og bukollektiv. For oss er det viktig og utfordrande i størst mogleg grad unngå å utsetje brukarane for smitte.

I tillegg opplever vi aukande utfordringar med å ha nok fagpersonell på jobb til ei kvar tid. Truleg vert dette endå  meir krevjande i tida som kjem.

På bakrunn av dette ser vi oss no nøydde til å setje inn enkelte nye tiltak, og vi må gjere strengare prioriteringar av oppgåver enn normalt.

Døme på tiltak vil vere:

  • Midlertidig reduksjon av tilsyn/bistand – dei det gjeld vil få nærare beskjed. Det kan bli aktuelt å erstatte tilsyn med t.d. ringetilsyn.
  • Hjelp til dusj kan måtte endrast i perioden, dette med tanke på minst mogleg nærkontakt. Dette blir vurdert opp mot den einskilde sin samla situasjon.
  • Helsehjelpa vil bli meir avgrensa der dette blir vurdert som forsvarleg, med færre            og/eller kortare tilsyn frå HBO.
  • Tillaging av måltid som no blir gjort av heimebasert omsorg må avgrensast, og det kan vere aktuelt med utlevering av måltid frå kjøkenet ved Giske omsorgssenter, dette vil kunne gjelde frokost og kveldsmat i tillegg til middag.

I noverande situasjon er det ønskje om at familie eller andre aktuelle som har muligheit til å bistå med t.d. tillaging av måltid, augedrypping, støttestrømper, medisin, dusj/personleg hygiene og ev. andre oppgåver. Ta kontakt med HBO så raskt som mulig. Dette vil medverke til at HBO i større grad kan prioritere ressursane inn mot dei mest kritiske behova.

Det er svært viktig at ein gir beskjed til HBO pr. telefon, dersom tenestemottakar har vore i kontakt med personar med påvist koronasmitte.

Vi ber og om at de gir beskjed til  HBO  om du som brukar har forkjølingssymptom og/eller om har vore i nærkontakt med nokon som er forkjøla utan at det er påvist korona. HBO kan med denne kunnskapen ta forholdsreglar før dei går inn i heimen.

Kontaktinformasjon/Telefonnummer til heimebasert omsorg er:

Valderøya:            95 75 85 51

Vigra:                   95 92 49 04

Giske/Godøy :      91 30 54 11

 

Elles vil vi minne om generelle hygieneråd

Håndvask:

  • Vask hendene ofte og grundig med såpe og vann, særlig etter hosting/nysing, etter toalettbesøk, før tilbereding av mat, før måltider, etter kontakt med dyr og ellers ved synlig skitne hender. Det anbefales å vaske hender når man kommer hjem etter å ha vært ute blant folk.
  • Hånddesinfeksjonsmiddel/håndsprit virker mot koronaviruset og er et godt alternativ dersom håndvask ikke er mulig, men husk at dersom hendene er synlig skitne eller våte har dette redusert effekt. Da bør hendene rengjøres med såpe og vann.

Hostevaner:

  • Unngå å hoste eller nyse direkte på andre.
  • Tilstreb å hoste/nyse i et papirtørkle (som kastes etterpå), eller i albuekroken dersom du ikke har papirtørkle tilgjengelig.

Folkehelseinstituttet

 

Helsing Giske kommune