Nye køyrefeltsignal i Ålesundstunnelane

Statens Vegvesen installerar no køyrefeltsignal i tunnelane: Det vert då mogleg å stenge berre eitt køyrefelt for å betre trafikkflyten og bidra til færre stengingar av Ellingsøy- og Valderøytunnelen.

Lysskilt i tunneltaket gjev beskjed om køyrefeltet er ope og kan nyttast (grøn pil): Gul, blinkande pil betyr at feltet vert stengt og at ein umiddelbart må endre køyrefelt i den retninga som pilaviser. Eit raudt kryss betyr at køyrefeltet er stengt og ikkje kan nyttast.

Køyrefelt-signala vert tatt i bruk der to felt går i same retning, som i Ålesundstunnelane vil seie i oppover-bakkane. Når eitt felt vert stengt vil farta i tunnelen bli sett ned frå 80 til 50 km/t ved variable fartsskilt.

Dei fleste havaria i Ålesundstunnelane har skjedd i motbakkane, og korketrekkaren i Ellingsytunnelen har vore spesielt utsett. 

Etter at utbetringsarbeida i Ellingsøy- og Valderøytunnelen er ferdig, vil det framleis vere nødvendig å stenge Ålesundstunnelane i periodar. Til dømes ved vedlikehaldsarbeid på kvelds- og nattetid, om det skjer ei ulukke, ved motorhavari eller bilberging der ein ikkje får leie trafikken forbi i eit anna køyrefelt. 

Les meir her

Sjå video/film