Ny tråsykkel til pleie/ omsorg

  Leiar Ernst Valderhaug på Frivillegsentralen har nettopp henta ein ny to-seter sykkel som gåve frå Hjelpemiddelsentralen til pleie- og omsorgstenesta i Giske. Anne Grethe V. Austad prøver ut den nye sykkelen som de vil bruke på Retro Dagsenter ved Vigra Omsorgssenter.

Giske kommune har med dette fem av desse syklane fordelt på dei tre omsorgssentrane i kommunen. Sykling er blitt ein kjærkomen avveksling ved sentrane, og den nye sykkelen med pedalar for både pasient og pleiar vil gje mosjon og frisk luft til bebuarar og tilsette i sektoren.