Ny politisk sekretær

Ingvild Nautvik (34) er tilsett som politisk sekretær. Ho tek over jobben etter Karin Vea Sæther som har hatt denne jobben i meir enn 50 år.

Ingvild Nautvik er tilsett som politisk sekretær.  

Nautvik har ein bachelor i Offentleg Administrasjon og leiing ved Universitetet i Oslo, og eit enkeltemne i Arbeidsrett ved juridisk fakultet same stad. For tida held ho på med ein samlingsbasert mastergrad på deltid i offentleg styring ved Høgskolen Innlandet på Lillehammer.

Nautvik har arbeidd ved Heimen Husflid i Oslo sidan 2009 og har dei siste fem åra vore butikkansvarleg og teamleiar. Ho har blant anna hatt ansvar for opplæring, backoffice og systemutvikling.

Nautvik kjem frå Volda, men har budd i Oslo sidan 2008. Ho flyttar tilbake til Sunnmøre med mann og ein son på eit år, og skal ta til i stillinga allereie 1. mars.