Ny beredskapsplan for Giske

Klikk for stort bileteGiske kommunestyre vedtok ny beredskapsplan for kommunen før jul 2019. Planen er omarbeidd  og utvikla frå tidlegare versjonar og legg vekt på å gje ei meir lettlest oversikt over kommunen sin beredskapsorganisasjon. Den omtalar også korleis varsling og evakuering skal gjerast ved ei større krise, til beste for innbyggarane i Giske.

Den nye beredskapsplanen for Giske følgjer opp tidlegare planverk og vert revidert årleg etter krav i lovverket. Eit separat styringsdokument er del av planverket for å sikre oppfølging av innhald og lovkrav.

Grunnlaget for beredskapsplanen er risiko- og sårbarheitsanalyser (ROS-analyser) som vurderar forskjellige kriser som kan oppstå, og korleis ein kan førebu seg på, eller minske, verknadane av slike hendingar.

Meir om beredskap og tryggleik i Giske ligg på nettportalen her.

Sjå: