Næringsfond-støtte under Korona-pandemien

Klikk for stort bilete Kommunane i Møre og Romsdal har fått ekstraordinære fondsmidlar til støtte for bedrifter som har vanskar under Korona-pandemien. Formålet er å legge til rette for auka aktivitet, sysselsetting og verdiskaping.

Målgruppe for tilskot er lokale, små og mellomstore bedrifter og næringsaktørar. Bedrifter og næringsaktørar i Giske kommune er inviterte til å søke om støtte: Alle søknader og tildelingar skal gå gjennom www.regionalforvaltning.no .

Det kan til dømes gjevast støtte til:

  • marknadsføring
  • mindre investeringar
  • opplæring
  • produktutvikling
  • nyetableringar

Støtte skal vere avgjerande for vidare vekst og eksistens.

Det kan gjevast inntil 50% støtte av kostnadsoverslaget pr. selskap. Inntil 15% kan utbetalast som forskot, restbeløp vert utbetalt etterskotsvis.

For større bedrifter viser vi til Innovasjon Norge sin krisetiltak her.

Registrer deg som søkjar på www.regionalforvaltning.no og søk støtteordning under Møre og Romsdal, søkeord "Fylkeskommunalt næringsfond 2020 - Korona".

Søknadsfrist 15. august.