Meld deg som husdyravløysar

Klikk for stort bilete Landbrukstenestene i Møre og Romsdal samarbeider med kommunane i sitt ansvarsområde om å byggje opp ein reservestyrke for husdyravløysing dersom behovet for ekstramannskap oppstår i samband med Korona-pandemien.

Ordninga fungerar slik:

Dersom du har relevant bakgrunn/praksis innafor landbruk med husdyr, oppmodar vi deg om å melde frå til dine lokale landbrukstenester om at du er tilgjengeleg for oppdrag som avløysar for sjuke bønder.

Vi oppmodar om at du ringer eller sender e-post/SMS til:

For kommunane Ålesund, Fjord, Sykkylven, Stranda, Giske og Sula:

Storfjord Landbrukstenester SA

Pb 132, 6211 VALLDAL

Tlf. 909 76 354

E-post: morten.feiring@n-lt.no

Personar med fagleg bakgrunn frå landbruksskule, personar med tidlegare erfaring som avløysar eller som bonde, elevar og andre som er permitterte frå vidaregåande skular/høgskular eller frå ordinær jobb og som har relevant bakgrunn er sjølvsagt svært aktuelle.

Den lokale landbruksteneste vil gi nærare informasjon vil gi nærmare informasjon om vilkåra for å ta på seg ein slik jobb.

Matproduksjon er ei samfunnskritisk funksjon. Ved  å ta på seg avløysing er du med på å sikre at vi alle kjem ut av Korona-situasjonen på best mogleg vis.