Lokalt vedtak om karantene frå reise er oppheva.

Klikk for stort bileteFor å hindre smittespreiing vedtok Giske kommune 16. mars lokale reisebegrensingar med karantene for reisande frå bestemte fylke på Aust- og Vestlandet. Dette vedtaket er oppheva. 

Vedtaket i Giske vart seinare avgrensa til 7 dagar, gjeldande til og med måndag 23. mars.  Personar som eventuelt kom i karantene pga. lokale reisebegrensingar før 23. mars, er difor ikkje lenger i karantene.

Det som enno gjeld for alle kommunar, er nasjonalt krav om at alle reisande frå andre land skal i 14 dagars karantene. Sjå meir på helsenorge.no om Kven som skal vere i karantene.