Legekontoret åpner mandag

Klikk for stort bilete  Mandag morgen vil Giske Legesenter vere i full drift igjen. Alle fastlegane vil vere tilgjengelege, men det kjem til å vere nokre endringar i rutinene.

Før du oppsøker legekontoret skal ein gjere ein avtale på telefon 70188500. Då vil kvar enkelt få direkte informasjon korleis konsultasjonen skal foregå. Dette blir gjort for å hindre at mange vert samla på eit venterom. Det er viktig at ein held seg til dette framover for å sikre at korona-smitten ikkje skal spreie seg.

Frå fastlegane vert det understreka at ingen skal nøle med å ta kontakt for å få timer til konsultasjon og kontroller. Det er viktig at ein ikkje let sjukdomstilstander utvikle seg uten at ein tek kontakt med lege. Og frå mandag morgen er kapasiteten akkurat som tidlegare.