Ledig lokale i 1909-bygget

Eit rom i andre etasje i 1909-bygget er ledig frå 1. april.

Klikk for stort bilete 

 

Rommet er 10,1 kvadratmeter stort og ligg mot sør. Leigetakar betaler kr. 545 per kvadratmeter per år, i tillegg til 180 kroner per månad for bruk av fellesrom i 1. etasje. Leigeforholdet går utan oppseiing i 12 månader og deretter har kvar av partane 3 månaders oppseiingstid.

For å vere kvalifisert til å leige atelier / verkstad i 1909-bygget må ein:

  • Ha fagkompetanse innanfor det ein arbeider med, gjennom høgare kunstutdanning, relevant fagutdanning eller anna relevant kunstpraksis.
  • Vere skapande / utøvande kunstar.
  • Leigetakar / lånar skal bidra både fagleg og praktisk til felles aktivitetar på huset, jf aktivitets- / utstillingsplan.
  • Vere busett i Giske kommune.

Ønsker du å leige eller treng fleire opplysningar ta kontakt på epost: robert.valderhaug@giske.kommune.no