Kven vert Årets bedrift 2019 i Giske?

Klikk for stort bileteBreivik Mek AS - Årets bedrift 2018Prisen for Årets bedrift i Giske 2019 skal tildelast over nyttår. Prisen skal løfte fram bedrifter eller verksemder som har utmerka seg siste året i kommunen. Vi ber om å få tilsendt forslag til aktuelle kandidatar innan 20. januar – gjerne med ei kort grunngjeving.

Ein kan velje mellom ein eller fleire kriteria for tildeling:

  • Vanleg bedriftsøkonomisk vurdering
  • Organisasjon, personalpolitikk og bedriftsleiing
  • Profilering – bedrifta si miljøprofil vil her vere viktig
  • Framtidsretta og miljøvenleg produksjon og produksjonsutstyr
  • Produktutvikling og marknadsføring
  • Satsing på nye og miljøvenlege produkt/ tenester
  • Kva bedrifta har å seie for lokalsamfunnet
  • Trivsel og godt miljø på arbeidsplassen

Forslag sendast til: Næringskontoret, Giske kommune, Valderhaug 4, 6050 Valderøya, merka ”Årets bedrift 2019 ” (epost: post@giske.kommune.no ).

Meir om pristildelinga: