Kva gjer du når ulykka er ute?

Redning 7.jpg - Klikk for stort bilete

Kva gjer eigentleg politiet, korleis gje hjartekompresjon korleis ser det ut inne i redningsskøyta og rosin i pølsa – lærarane ble kaste på havet. Ein lykkedag for sjetteklasse elevane i Giske.

Torsdag vitja brannvesenet, politiet, Røde Kors og Redningsselskapet med si nye redningsskøyte Idar Ulstein, ferjekaia på Valderøya i samband med prosjektet Førebyggjande Seilas.

99 sjetteklassingar

Elevane i siste trinna på barneskulen brukar ein skuledag på kaia og lærer tre viktige knutar, kva som er viktig å ha med på båttur, førstehjelp og korleis slokke brann. I tillegg får dei informasjon frå politiet og besøk om bord i redningsskøyta.

- I Møre og Romsdal er vi innom ti hamner og treffer om lag 120 born i kvar hamn. Det utgjer ein plass mellom 1000 og 1200 sjetteklassingar i fylket, fortel rådgjevar Kenneth Nilsen frå Redningsselskapet.

I Giske møtte 99 sjetteklassingar opp frå tre av skulane i kommunen.

Med vatn på alle kantar i Giske er hensikta med prosjektet at elevane skal få eit tryggare forhold til sjøen, og bli kjend med kva dei ulike naudetatane gjer saman for å tryggje oss.

Lærerikt

- Her lærer dei om veldig mykje førebuande arbeid både på land og til vatn. Her var alle naudetatane til stades som lærte dei førstehjelp, praktiske øvingar som å knyte knutar og besøk ombord på redningsskøyta. Her fekk dei lære til dømes om vestbruk og forskjellen på dei ulike vestane, som kva er ein redningsvest og kva er ein flytevest. Elevene synes dette er veldig kjekt og ikkje minst lærerikt, framheld Nilsen.

Det heile ble avslutta til stor jubel frå elevane der lærarane Ina Giske frå Giske barneskule og Lars Kristian Autsnes frå Valderøy barneskule, meir eller mindre frivillig vart kasta på sjøen og redda opp av Giske brannvesen sin nye båt. Brannbåten er eit resultat av eit spleiselag mellom reiarlag, bedrifter, foreiningar, bank og privatpersonar.

«Førebyggjande Seilas» vert arrangert årleg i heile fylket. Fleire bilete finn du på Flickr!

 
Brann 10.jpg - Klikk for stort bilete Politi 2.jpg - Klikk for stort bilete

Redning 14.jpg - Klikk for stort bilete  Redning 29.jpg - Klikk for stort bilete

Sist endra 01.09.2017
Fann du det du leita etter? Hvis ikkje, prøv søkefeltet øvst på sida.
 
 

Giske kommune, Valderhaug 4, 6050 Valderøya| Tlf. 70 18 80 00 - fax. 70 18 80 01|Org.nr. 964980721  | epost: post@giske.kommune.no

 
Login for redigering