Kva betyr velferdsteknologi for Giske?

Giske har over lenger tid arbeidd med å ta i bruk velferdsteknologi til hjelp både for innbyggarar og tilsette, og det er no laga ei brosjyre som forklarar nokre av omgrepa og bruksområda i kommunen, i tillegg til ein film som er presentert tidlegare.
Brosjyra ligg på nettportalen (sjå under) og er tilgjengeleg på servicekontoret i tillegg til at ho vert sendt ut til enkelte målgrupper.

Målet med velferdsteknologi er å skape ein tryggare og enklare kvardag både for brukarar, pårørande og omsorgspersonell.

Velferdsteknologi er ein fellesnemning på tekniske installasjoner og løysingar som kan betre kvar og ei si  evne til å klare seg sjølv i eigen bustad, og vere med på å sikre livskvalitet og verdigheit for brukaren.

Meir om velferdsteknologi i Giske finn du her.

Elektronisk utgåve av brosjyra om velferdsteknologi ligg her.

Sjå NRK Møre og Romsdal sitt innslag om teamleiar reinhald, Vibeke Olsen Larsen, som nyttar ei nyutvikla app-teneste for tolking:

NRK