Kor kan eg reise

Klikk for stort bilete Utenriksdepartementet frårår alle utanlandsreiser som ikkje er strengt nødvendig. Dette er den strengaste form for reiseråd som kan gis.

Alle som kjem frå reiser i utlandet skal i heimekarantene i 14 dager. Frå 17.03.20 gjeld dette og reiser frå Sverige og Finland. Personer i karantene som utvikler forkjølelsessymptom som hoste, feber eller tungpust, skal opphalde seg i isolasjon  frå symptomer inntrer til 7 dager etter ein er symptom. Med isolering meines at personen er i eigen heim eller anna egna opphaldsstad

I forskriften er det definert eit unntak frå karantenereglene. Dette er personer som er strengt nødvendige for å oppretthalde forsvarlig drift av kritiske samfunnsfunksjoner. Denne vurderinga ligg til kommuneoverlege.

Kan eg reise innanlands?

Unngå reiser som ikkje er strengt nødvendig. Unngå offentlig transport viss du kan. Regjeringa innførte 20. mars forbud mot å overnatte på fritidseigedom utanfor eigen kommune. Les meir om hytteforbudet på regjeringens nettsider.

Giske kommune har i dag ikkje eigne reisereglar utover dei Regjeringa har vedteke. Vi ber likevel alle om å berre gjere heilt nødvendige reiser. Dette handler om å avgrense smittespreiinga i lokalsamfunnet og ikkje minst for å trygge den eldste delen av bebuarane våre.

Ikkje legg mest vekt på kva du har lyst til i dag. Dette handler om noko meir.