Kontantstøtte?

myntstabel.jpg - Klikk for stort bilete

Frå 01.08.2013 har Giske kommune etter søknad ytt kommunal kontantstønad for born som ikkje nyttar plass i norsk barnehage som er godkjend etter §§ 10 og 11 i lov om barnehagar av 17.06.2005. Born og føresette må vere folkeregistrert i Giske kommune i perioden det blir søkt kontantstønaden for. Stønaden gjeld for born i alderen frå og med månaden barnet fyller 24 månader, og til og med den månaden det fyller 35 månader.

Publisert av Henrik Wang. Sist endra 04.01.2018

Sum per månad frå 01.01.2015: kr 5 000,- per barn. Det er ikkje særskilde søknadsdatoar, men kommunal kontantstønad blir ytt frå månaden det blir motteke søknad for, og med tre månaders tilbakeverkane kraft.

Søknaden skal sendast til Giske kommune, Valderhaug 4, 6050 Valderøy.

Dersom søknaden er mangelfull blir søknaden returnert til søkjar. Utbetaling av stønad skjer den 30. i månaden stønaden gjeld for. Stønaden blir utbetalt til den av foreldra som søkjer, og til kontonummer som er oppgitt i søknaden.

 Gå til søknadsskjema.

Fann du det du leita etter? Hvis ikkje, prøv søkefeltet øvst på sida.
 
 

Giske kommune, Valderhaug 4, 6050 Valderøya| Tlf. 70 18 80 00 - fax. 70 18 80 01|Org.nr. 964980721  | epost: post@giske.kommune.no

 
Login for redigering