Kommunale bygg er opna for idrett og kultur

Klikk for stort bilete Frode Elias Synnes Beredskapsleiinga i Giske har vedtatt å opne for at idrettslag og organisert kultur igjen kan leige kommunale idrettsbygg og –anlegg på kvelds- og helgtid frå 1. september.

Reglar for reinhald ligg nedanfor.

Ein føresetnad er at leigetakar sjølv skal stå for reingjering etter bruk, og det vert utarbeidd eigne rutiner for reinhald. Det vert og etablert retningsliner for utleige av slike bygg under korona-pandemien.

Ved endringar i pandemi-omfanget i Giske kan slik utleige bli kansellert på kort varsel.

Sjekkliste for renhold i idrettshall (DOCX, 43 kB)