Klipping av hekk og busker

Skulane i Giske starta 19. august, og vi minnar om hageeigarane sitt ansvar. Har du hage eller utkjørsle til veg? Hugs å klippe ned vegetasjon som gjer det uoversiktleg for bilistar og andre, så kan vi unngå ulukker!

Bli med på ein dugnad for å unngå ulykker i ditt nærområde. Eig eller disponerer du ein eigedom med avkjørsle til veg eller gang- og sykkelveg? Då har du ansvar for å sørge for fri sikt ved di avkjørsle. (jf. Veglova §31 og §43).

God sikt er ein føresetnad for at du skal få auge på gåande og syklande som kryssar avkjørsla di. Ei temaanalyse av sykkelulykker viste at dårleg sikt var ein medverkande faktor i over 30 % av dødsulykkene på sykkel.

Sjå rettleiaren frå Statens Vegvesen!