Klipp hekkar og busker

hekk og busk.jpg - Klikk for stort bilete

Har du hage eller utkjørsle til veg? Hugs å klippe ned vegetasjon som gjer det uoversiktleg for bilistar og andre, så kan vi unngå ulukker!

Publisert av Henrik Wang. Sist endra 14.08.2017

Bli med på ein dugnad for å unngå ulykker i ditt nærområde. Eig eller disponerer du ein eigedom med avkjørsle til veg eller gang- og sykkelveg? Då har du ansvar for å sørge for fri sikt ved di avkjørsle. (jf. Veglova §31 og §43).

God sikt er ein føresetnad for at du skal få auge på gåande og syklande som kryssar avkjørsla di. Ei temaanalyse av sykkelulykker viste at dårleg sikt var ein medverkande faktor i over 30 % av dødsulykkene på sykkel.

Sjå rettleiaren frå Statens Vegvesen!

Fann du det du leita etter? Hvis ikkje, prøv søkefeltet øvst på sida.
 
 

Giske kommune, Valderhaug 4, 6050 Valderøya| Tlf. 70 18 80 00 - fax. 70 18 80 01|Org.nr. 964980721  | epost: post@giske.kommune.no

 
Login for redigering