Retningslinjer ved besøk ved omsorgssenter og bufellesskap

 Det er fortsatt mogleg å besøke familie på omsorgsentera og i bufellesskap. Beredskapsleiinga i Giske kommune vil minne om viktigheita av å følgje retningslinjene som gjeld. 
 

Det aller viktigste er at ingen som har mistanke om sjukdom eller som har symtom besøker eit omsorgsenter.

  • Det kan ikkje vere fleire enn to besøkande om gongen.
  • Ver nøye med handvask før og etter besøket.
  • Alle besøk skal vere avtalt på førehand og senteret skal ha namn og telefonnummer på dei som kjem. Dette for at ein skal kunne spore smittekjelde om det igjen skulle oppstå smitte.
  • Besøk skal vere på bebuarane sine rom. Unngå lange opphald i fellesrom.
  • Avstandsreglane må følgjast.
  • Er det mogleg å gjennomføre besøket utandørs er dette aller best.

Dei ulike sentera kan ha særskilde reglar for besøksrutiner. Desse får du vite når du avtaler besøk.