Jod-tablettar ved atomulukker

Statens Strålevern meldar at frå 1. november vert det muleg å kjøpe jod-tablettar i apotek.

Myndigheitene rår alle under 40 år, gravide, ammande og dei med heimebuande barn å kjøpe tablettar for heimelagring. Dei skal bare takast etter råd frå myndigheitene.

Når folk kjøper tablettar på apoteket, får dei også med ei informasjonsbrosjyre.

Det er spesielt viktig at barn og unge under 18 år, gravide og ammande tar tablettane fordi desse har størst risiko for å få kreft i skjoldbruskkjertelen etter å ha vore utsatt for radioaktivt jod. Det kan i heilt spesielle situasjonar også vere aktuelt med tablettar for vaksne mellom 18-40 år, medan dei over 40 år har svært liten risiko for å få kreft i skjoldbruskkjertelen, og treng difor ikkje ta jodtablettar.

Tablettar skal bare takast etter råd frå myndigheitene. Ved ei atomulukke vil råd bli gjeve gjenom media, myndigheitene og på nett www.stralevernet.no (ny adresse frå 1.1. 2019: www.dsa.no), og www.helsenorge.no.

Sjå også: