Invitasjon til innspel - Områdeplan for Sætra og Gjøsund

Giske kommune inviterar grunneigarar, bedrifter og andre interesserte til å komme med innspel til arbeidet med områdeplan for Sætra og Gjøsund.

Torsdag 28. juni kl. 18.00 – 20.00 var det orienteringsmøte på Giske rådhus om områdeplan for Sætra og Gjøsund. Over 40 personar møtte.

Giske kommune viste eit førebels omriss av planområdet og orienterte om kva reguleringa inneber og om planprosessen. Det vart på møte valgt 3 representantar frå grunneigarane og 2 representantar frå verksemder til arbeidsgruppa for planarbeidet, – sjå vedlagt presentasjon.

På møtet kom det fram synspunkt rundt ulike tema:

 

  • Utviding av planområdet til ein mest mogeleg heilskapeleg plan: vest av Gjøsundbrua for fylling i sjø for framtidig ny veg til flyplassen og til og med bustadarealet i nord

  • Ta med bustadareal og LNF-området i vest til sjø

  • Generelt, sikre passasjar for gåande innafor området og til strandsona

  • Gang- og sykkelveg over brua – ansvar Statens vegvesen

  • Ny industriveg som knyter Gjøsund til Oksneset

  • Ta omsyn til ny tunell

  • Nybygging i heile området må ikkje sperre for rundløype mot Valdervoll

  • Trafikktrygging ved industrien, industriområde må skjermast

  • Sikre mot trafikk ved småbåthamn

  • Blomvika – utvide blått område i arealplanen, mykje nytta badeplass

  • Ta omsyn til off. tjenester som brann

  • Ivareta grøntareal i planen

 

Vi oppfordrar til å sende innspel til planarbeidet innan 1. august 2018. Følgjande e-post adresser kan nyttast;   

 

Vedlegg: