Interessert i friluftsliv? Då må du få med deg ein av bålsamtalane i Giske

Frå Breisanden Vigra kveldsstemning.jpg - Klikk for stort bilete

 

Kulturkontoret, frivilligsentralen og folkehelsekoordinator inviterer alle som er interesserte i friluftsliv til ein uformell og lett samtale rundt eit varmande bål. Kommunen held bål og kaffi.

Bålsamtalane blir måndagar kl 1800 - 1930.

  • Giske, måndag 13. mars. Stad: Hundremetersskogen ved kvileheimen. Ev. Giske skule om dårleg ver.
  • Valderøya, måndag 20. mars. Stad: Eirikskogen.
  • Vigra, måndag 27. mars. Stad: langs StikkUT-vegen ved Rota stadion. Ev. inne på klubbhuset om dårleg ver.
Publisert av Synnes Frode. Sist endra 27.02.2017

Målet med samtalen er tre-delt:

  1. Få avdekke kva som fungerer bra og kva som kan fungere betre for friluftslivet på øya.
  2. Er der felles utfordringar som vi kan samarbeide om å løyse? Det kan vere å forbetre eksisterande friluftstiltak eller å leggje til rette for nye tiltak. Korleis grip vi dette an?
  3. Få med fleire frivillige i eit lokalt nettverk som bl.a. kan vere med på tilrettelegging og dugnad.

På Godøya er det på gang mykje arbeid innanfor friluftslivet, derfor blir det ikkje gjennomført eigen samtale der i denne omgang.

Giske kommune er eit attraktivt og ynda mål for dei som er glad flott natur. Dette gjeld for eit aukande tal innbyggarar og for eit stadig større tal besøkande. Auka interesse for friluftsliv er positivt, samstundes som at utviklinga medfører nokre nye utfordringar for alle oss som er glad i øyane våre.

Bild av Høgstein fyr - Klikk for stort bilete

Vèr  Alnes - Klikk for stort bilete

Hamn på Giske - Klikk for stort bilete

Stiner Alnes.jpg - Klikk for stort bilete

Kråke - Klikk for stort bilete

Fann du det du leita etter? Hvis ikkje, prøv søkefeltet øvst på sida.
 
 

Giske kommune, Valderhaug 4, 6050 Valderøya| Tlf. 70 18 80 00 - fax. 70 18 80 01|Org.nr. 964980721  | epost: post@giske.kommune.no

 
Login for redigering