Ingen forskrift i Giske

Beredskapsleiinga har hatt møte mandag morgen og vurdert behovet for innføring av lokal forskrift i Giske kommune. Det er framleis låge smittetal i kommunen samanlikna med dei omkringliggande kommunar. Det vert difor ikkje innført lokal forskrift no.

 

Smittesituasjonen og talet på smitta vert nøye vurdert i dagane framover, og ved behov vil det bli kalla inn til nytt møte der lokal forskrift vil bli vurdert. 

Kommuneoverlege Anne-Line Sommerdalen minner om at dei som er sjuke skal halde seg heime og anbefalingar om å bruke munnbind der ein ikkje kan halde ein meters avstand. Giske kommune følger elles dei nasjonale retningslinene.  

Dersom du får symptom på luftvegsinfeksjon, bør du fremdeles teste deg. Det gjeld også vaksinerte.  

Hvis du blir smitta med korona, må du isolere deg for å unngå å smitte andre. Det vil ikkje vere ei anbefaling, men ein regel som du kan få bot for å bryte.

 Arbeidstakarar som bur i Giske, men arbeider eller går på skule i Ålesund må følge vedteken lokal forskrift der dersom det oppstår smitte i husstanden. Det er ikkje alvorleg sjuke blant dei smitta i Giske kommune.