IKKJE ring legekontoret for å bestille time for vaksinering

Alle over 45 år kan bestille time for vaksinering på helsenorge.no. Sjå korleis litt lenger ned i artikkelen. 

Klikk for stort bilete 

Altfor mange ringer no legekontoret for å bestille time. Det skal ein ikkje gjere.

Giske kommune opnar no opp for vaksinering av gruppe 9. Det vil seie at alle over 45 år kan bestille  time på helsenorge.no.

Når ein loggar inn vil ein kunne velje mellom tre timebøker (A, B,C). Alle tre timebøkene kan brukes for bestilling av time til første dose.

Slik bestiller du time på helsenorge.no, sjå video. 

Dei som bur i kommunen, men som har fastlege annan stad, går inn på www.giskelegesenter.no og nyttar tenesten Helserespons for å kontakte legesenteret om vaksinebestilling.

Når du har fått time til vaksinering er det viktig at du møter opp presis på angitt tidspunkt. Bruk hovudinngangen. Ha på deg korterma overdel. Etter vaksinasjonen skal du vente i gangen i 20 minutter for observasjon. Når du skal forlate legesenteret kan du nytte utgangen i andre enden av lokalet (legevaktsinngangen).