Hjelp ÅRIM med normal drift

Klikk for stort bilete ÅRIM har behov for å redusere kor mange som besøker miljøstasjonane. Dersom dei får ned talet på kor mange som drar til Bingsa no, kan dei klare å halde stasjonen open. Dette vurderer dei no frå dag til dag. Open miljøstasjon er viktig også for næringslivet som får problem om dei ikkje får levert avfall.

Slik kan du hjelpe ÅRIM å ha normal drift

  1. Vent med å dra til miljøstasjonen.
  2. Bruk restavfallsdunken berre til restavfall. Selskapet er førebudd på å drive med renovasjon med redusert kapasitet.

Øystein Solevåg, dagleg leiar i ÅRIM, ber folk om å vente med å levere avfall til miljøstasjonen.

  • Ikkje dra til miljøstasjonen no. Med redusert besøk, kan vi oppretthalde eit minimums-tilbod for dei som verkeleg må levere avfall. For å få dette til, må folk flest vente med å levere avfall.

Miljøstasjonen på Bingsa i Ålesund var stengt laurdag. Dette er vekedagen med mest besøk. Enkelte miljøstasjonar elles i landet hadde overraskande mykje besøk av folk som ville levere avfall. I Fredrikstad måtte dei stenge i løpet av laurdagen for å hindre smittespreiing.  Både miljøselskapet ÅRIM som har ansvar for private og Bingsa Gjenvinning, som har ansvar for næringskundar på Bingsa, vurderte å stenge sine tilbod heilt dei neste dagane. Begge selskap vil likevel først prøve å oppretthalde eit noko redusert tilbod

  • Vi forsøker først å redusere kor mange som kjem for å levere. Dersom miljøstasjonen må stenge heilt, kan det bli problematisk for bedrifter som produserer ein del avfall i sitt daglege arbeid, seier Trond Lauritsen, dagleg leiar i Bingsa Gjenvinning.

Solevåg er enig, og ser det som samfunnskritisk å ha eit tilbod for dei som av ulike grunnar må levere avfall til miljøstasjonen. Men dei aller fleste treng ikkje levere avfall akkurat no.

  • Om vi kan ha stasjonen open må vi vurdere frå dag til dag. Folk flest kan vente med å levere gamle møblar eller material etter oppussing. Vi forstår at mange kanskje vil rydde hus og heim, eller gjere oppussing no som dei er mykje heime. Men vent med å levere avfallet til miljøstasjonen, til situasjonen i samfunnet har stabilisert seg, seier Solevåg. Open miljøstasjon bidrar til at byggeselskap og anna næringsliv ikkje stoppar opp. Vi ønskjer difor berre heilt nødvendig besøk på stasjonen.

Han ber også folk om å bruke dunkane dei har heime til riktig type avfall. Miljøstasjonsavfall skal heller ikkje i dunkane. Med tusenvis av familiar heime kvar dag og meir aktivitet i heimen, vil det truleg også bli meir avfall heime hos kvar enkelt. Det er difor nødvendig at restavfallsdunken berre blir brukt til restavfall. Anna avfall må sorterast riktig.

  • Å sortere ut plast og anna avfall er difor særleg viktig no. Med god kjeldesortering vil folk ha plass nok i dunkane. Hugs at svært mykje av avfallet er plastemballasje. Om vi skulle få ein situasjon med redusert bemanning og utsett henting, er det lettare for folk å lagre sekkar med plastemballasje  som ikkje luktar, enn restavfall.

Han er klar over at ÅRIM kan møte utfordringar med renovasjonstenesta, dagane som kjem.  ÅRIM kan sjølve kome i ein situasjon med redusert kapasitet.

  • Vi er førebudd på at våre tilsette kan bli sett i karantene eller bli sjuke, akkurat som andre. Hentinga heime hos folk må difor gå på skinner. Vi ber difor om at vanlege retningslinjer blir følgt - dunken må stå klar klokka seks, maks fem meter frå vegen, og riktig sortert. Vi hentar ikkje avfall som står ved sida av dunkane og alt avfall må vere i dunken.