Heime eller på jobb med symptom på luftvegsinfeksjon?

Det har vore mange spørsmål rundt kven som skal vere heime ved symptom på luftvegsinfeksjon både for vaksne og barn.

Råda om dette er no justert i rettleiaren frå Folkehelseinstituttet.

  Klikk for stort bilete 

Den viktigaste endringa er at ein kan kome attende på jobb etter negativ test sjølv om ein har milde restsymptom (til dømes rennande nase eller sporadisk hoste), så lenge allmenntilstanden er god.

Barn i barneskule eller barnehage kan kome attende til skule/barnehage etter to dagar viss dei har milde symptom sjølv om dei ikkje er testa, så lenge symptoma ikkje er aukande og forma er god.

Grunnen til at ikkje alle kan kome rett tilbake i jobb/ skule/ barnehage etter negativ test er at ein ikkje ønsker spreiing av andre virus som gir luftvegsinfeksjon. Sidan dei fleste luftvegsinfeksjonar er mest smittsame dei fyrste dagane har ein no likevel lempa litt på råda om kor lenge ein må vere heime.

Les meir på Folkehelseinstituttet sine nettsider: https://www.fhi.no/nettpub/coronavirus/fakta/hvis_du_mistenker_at_du_er_syk_med_covid-19/?term=&h=1

Klikk for stort bilete