Godt gjennomført beredskapsøving på barneskulen.

Klikk for stort bilete Kommunen gjennomførte ei nyttig beredskapsøving på Valderøy barneskule idag. Skulen er ein av fleire stader i Giske som er peika ut som Evakuerte- og pårørandesenter (EPS) for å ta vare på ramma og pårørande m.fl. ved ei faktisk krisehending.
Vi fekk bruke 7.klasse-elevar som markørar: Elevane vart mottatt og registrert inn som høvesvis ramma, pårørande og presse med eigne armband, og syntes tydelegvis at dette var ei uvant og spanande hending - og heile øvinga vart avslutta med felles pizza til allmen åtgaum for alle involverte.

Målet med øvinga var å teste ut innkallingsrutinene for ialt 35 vaksne som har oppgåver innan beredskapsleiinga, kriseteamet og EPS-personell elles. Det var ei gjennomgang av kommunen sin EPS-plan, og politi som nødetat og Raude Kross som bistandsorganisasjon fortalte om sine erfaringar med EPS og kva roller og funksjonar desse har eller kan bidra med når krisa er der.

Det var etter øvinga semje om at dette var nyttig for å få grunnleggande kunnskap om eit evakuerte- og pårørandesenter og kva funksjonar senteret har. I tillegg fekk deltakarane innsyn i kva roller som må fyllast i ein krisesituasjon - frå vakttenester til omsorg, hjelpemannskap, koordinering med nødetatar med meir.

Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete