Godøytunnelen dagopen frå 2. mars

Klikk for stort bilete Statens Vegvesen meldar at Godøytunnelen vert open på dagtid frå 2. mars. Etter fredag 1. mars blir det berre kolonnekøyring på kvelds- og nattestid mellom kl. 19 og 06.

Frå laurdag 2. mars og fram til asfalteringsarbeidet startar måndag 25. mars planlegg vi å halde Godøytunnelen open gjennom heile døgnet så langt dette er mogleg. Det vil bli nokre netter med kolonnekøyring i løpet av denne perioden, men kor stort behovet blir er noko vi må kome tilbake til. Vi kjem til å varsle om stenging på førehand.

Frå 25. mars til 10. april blir det stenging med kolonnekøyring på kveld og natt frå kl. 19 til kl. 06 i samband med asfaltering. Utbetringsarbeidet vert gjort på oppdrag frå Møre og Romsdal fylkeskommune.

Les meir på nettsida til prosjektet her.