Godkjent eigarskapsmelding i kommunestyret

 I oktober-møtet godkjente Giske kommunestyre si nye eigarskapsmelding. Denne har bl.a. ei oversikt over dei selskapa som kommunen har eigarinteresser i, og kva vi vil med selskapa.

Ordførar Harry Valderhaug seier han er glad for at vi no har fått fram ei god og informativ eigarskapsmelding.

- Den er viktig for både oss folkevalgte og administrasjonen, både for å ha god oversikt og eit bevisst forhold til våre eigarskap, seier ordføraren.

- Eigarskapsmeldinga er også viktig for at innbyggjarane og andre får ei god oversikt over Giske kommune sine eigarskap og formålet kommunen vår har med deltaking i ulike selskap og samarbeid. 

Prinsippa for eigarstyring i Giske

Den nye meldinga seiar at følgjande prinsipp og strategi skal gjelde for Giske kommune si eigarstyring i selskap:

  • Meiroffentlegheit der lovverket gjev høve til dette
  • Etiske retningsliner
  • Nøktern politikk for løn og godtgjersle
  • Klar rolle-/ ansvarsdeling mellom eigar, styre og dagleg leiing
  • Oppdatert eigarskapsmelding til behandling i kommunestyret i kvar periode
  • Kompetansebehov legg grunnlaget for styresamansetting
  • Kommunestyret oppnemner styremedlemmar i hht. kompetansebehov
  • Kommunestyre-vedtak om bruk av FN sine berekraftsmål skal følgjast

Krav til eigarskapsmelding i alle kommunar

Kommunelova seiar at alle kommunar skal ha ei eigarskapsmelding som gjev føringar for kva føremål og nytte kommunen har med å delta i selskap som er sjølvstendige rettssubjekt -  til dømes eigedomsselskap, el-forsyning, samferdsle eller næringsutviklingsselskap. Då kan kommunen sikre ei forsvarleg eigarstyring, styrke dei folkevalde si rolle og unngå at ordførar er den som åleine må forsvare kommunen sine interesser i selskapet.

Styremedlemmene sin lojalitet er etter lova knytt til selskapet: Kommunen som eigar eller deleigar må styre gjennom generalforsamlinga. Den som kommunen peikar ut til å sitte i styret eller generalforsamlinga skal difor nytte eigarskapsmeldinga som retningsgjevande når dei deltek i møte.

 

Sjå kommunesaka om eigarskapsmelding:

https://www.giske.kommune.no/innsyn.aspx?response=journalpost_detaljer&journalpostid=2020006458&scripturi=/innsyn.aspx&skin=infolink&Mid1=1040&